Høyring
Løyve til å forureine
Natur og friluftsliv
Natur- og miljøvern

Attvin AS i Ålesund kommune søker om å endre løyve

Publisert 1. september kl. 12:23

Attvin AS søker om å endre løyve etter forurensningsloven for sitt anlegg i Bingsa i Ålesund.


Høyringsfrist
30. september
Berørte kommunar
Ålesund
 Send innspel

Det er søkt om å slå saman to løyve, sette nye grenseverdiar for utslepp til vatn, endre mengder på lager og lagringstider for nokre typar avfall og å kunne ta imot og behandle fleire typar av farleg avfall.

Nokre av sidene i søknadsdokumentet er sladda. Dette gjeld sidene med grunnlag for berekning av finansiell sikring for lager for farleg avfall. Desse er unntatt offenlegheit med heimel i offentleglova § 13 jamfør forvaltningsloven § 13 første ledd nummer 2.