Kommunane må gjennomgå rutinane for politiattest i skole og SFO

Publisert i dag kl. 10:39

Fleire kommunar oppfyller ikkje krava til handtering av politiattestar i skole og SFO. Tilsyn frå Statsforvaltaren avdekte lovbrot i åtte av ni kommunar og viser behov for betre kontroll, rutinar og dokumentasjon.

Statsforvaltaren fann lovbrot i åtte av dei ni kommunane som fekk tilsyn. Foto: Shutterstock

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har i dag sendt brev til alle kommunane i fylket.

Dei har i år gjennomført tilsyn med politiattest i skole og SFO i ni kommunar. Tilsynet har undersøkt om kommunane krev politiattest frå alle som blir tilsette i fast eller mellombels stilling, og om dei følgjer opp merknader på politiattesten som gir yrkesforbod.

Manglande kontroll og rutine

– I åtte av dei ni kommunane fann vi brot på regelverket. Dei vanlegaste funna var manglande dokumentasjon på at politiattest var kontrollert før tilsetjing, manglar i kontroll og oppfølging av politiattestar, og manglande eller utilstrekkeleg dokumenterte rutinar for handtering av merknader som kan gi yrkesforbod, skriv konstituert områdedirektør Grete Teigland i brevet. 

Resultata frå tilsynet gir grunn til å tru at fleire kommunar kan ha tilsvarande utfordringar.

– Vi oppmodar derfor alle kommunar til å gå gjennom eigne rutinar og praksis på området, og vi har tillit til at dei gjer nødvendige endringar.

Dette må kommunen sikre

  • at det blir kravd politiattest frå alle som skal tilsetjast i fast eller mellombels stilling i skole og SFO
  • at politiattesten blir kontrollert før tilsetjing
  • at kontrollen blir dokumentert på ein etterprøvbar måte
  • at merknader på politiattesten som gir yrkesforbod blir identifiserte og følgde opp i samsvar med regelverket
  • at internkontrollen sikrar at etablerte rutinar blir følgde i praksis

Viktig for å verne barn og unge 

– Kravet om politiattest er eit viktig verkemiddel for å verne barn og unge. Vi forventar at kommunane har rutinar og praksis som oppfyller krava i opplæringslova og opplæringsforskrifta og har rutinar for gjennomføring og internkontroll, står det i brevet.