Bakgrunnen er at enkelte kommunar omtalar tildelingskriterium for helse- og omsorgstenester på ein måte som kan oppfattast som absolutte vilkår for å få tenester.
– Formuleringar om at søkaren må mangle familie, nettverk eller andre som kan hjelpe, kan for eksempel gi inntrykk av at personar med pårørande eller eit sosialt nettverk ikkje kan få kommunale tenester, skriv seniorrådgivar Eilin Reinaas i brevet.
Les heile brevet: Om informasjon på kommunale nettsider om helse- og omsorgstenester (PDF)
Ansvar for å fremme helse og førebygge problem
Pasientar og brukarar har etter pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1 rett til nødvendige helse- og omsorgstenester frå kommunen. Kommunen skal vurdere behovet til kvar enkelt individuelt.
Kommunen har ikkje berre ansvar for å gi nødvendige helse- og omsorgstenester til personar med eit etablert hjelpebehov. Kommunen skal også fremme helse og førebygge sjukdom, skade og sosiale problem.
Nettsidene er ei viktig informasjonskjelde
– God og tilgjengeleg informasjon om tenestene kan bidra til at innbyggjarane tek kontakt med tenestene tidleg. Innbyggarar som har behov for helse- og omsorgstenester, orienterer seg ofte på nettsidene til kommunen før dei tek kontakt eller søkjer om hjelp. Informasjonen må derfor ikkje gi inntrykk av at enkelte grupper ikkje kan søke om tenester, eller at vilkåra for å få hjelp er strengare enn det som følgjer av regelverket, står det i brevet.
Statsforvaltaren oppmodar kommunane om å gå gjennom informasjonen på nettsidene sine. Det må gå tydeleg fram at alle som meiner dei har behov for helse- og omsorgstenester, kan kontakte kommunen og få ei individuell og heilskapleg vurdering av behovet sitt.
Kontakt oss
Send oss ein e-post, og skriv kva saka gjeld i emnefeltet.
Då blir e-posten sendt til rett fagperson.