H.M. Kongens bortgang - minneord

Publisert i går kl. 09:57

Vi har mottatt det sørgelege bodskapet om Hans Majestet Kongen sin bortgang. 

Kong Harald har på ein beundringsverdig måte kombinert den opphøgde rolla som konge med ei sjeldan evne til å møte folket der vi er. Med humor, varme og kjærleik har han omfamna alle lag og alle delar av befolkninga.

Gjennom 35 år som monark har Kongen vore avgjerande for å bevare, forme og utvikle det spesielle og tillitsfulle fellesskapet Norge har.

Kong Harald har ikkje stått stille og berre halde fast på det gamle. Han har følgt samfunnsutviklinga og heia fram det gode – både i det medmenneskelege og i samfunnet generelt. I sorg og glede, i motgang og medgang har Kongen stått saman med oss.

Medan regjeringar og stortingssamansetjingar kjem og går, blir kongen verande. Kong Harald har representert tryggleik, kontinuitet og verdiforankring, og vore viktig og samlande for landet vårt.

Eg har hatt høve til å møte Kongen fleire gonger, og vil særleg trekkje fram fylkesreisa i Møre og Romsdal i 2022. På slike reiser får vi sjå kor mykje Kongen betyr for samhald – ved å ha kjærleik til land og folk. Det skjer noko med stemninga i bygda når Kongen kjem. Fylkesreisa med kongeskipet Norge i 2022 vart ei reise med feststemte folk, der søre Sunnmøre viste seg frå si aller beste side. Då fekk vi også sjå korleis Kongen binder oss saman. Denne viktige rolla har Kong Harald forvalta på ein framifrå måte. Han gav alt for Norge.

No har heile Norge mista vår kjære Kong Harald. Vi minnast han med takksemd.

Else-May Botten, statsforvaltar i Møre og Romsdal