Avslår fleirbrukssti og gapahuk i Surnadal

Publisert i dag kl. 13:57

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal tek klaga frå Naturvernforbundet til følge og endrar Surnadal kommune sitt dispensasjonsvedtak til avslag.

Oversiktskart som viser trasé for den nye fleirbruksstien.
Oversiktskart som viser trasé for den nye fleirbruksstien. Foto: Opp & Ut AS.

Surnadal kommunen gav grunneigar og drivar av Opp&Ut AS i Torvika dispensasjon for å sette opp ein gapahuk og etablere ein over fem kilometer lang fleirbrukssti over fjellet mellom bygdene Torvik og Stangvik. Tiltaka ligg i sin heilskap i eit landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF-område).

Manglande utgreiing av naturmangfaldsinteresser

I saker som gjeld natur og naturmangfald, må kommunen følge saksbehandlingsreglane i naturmangfoldloven. Avgjerdene skal så langt som mogleg bygge på vitskapleg kunnskap om bestanden av artar, utbreiinga og den økologiske tilstanden til naturtypar og effekten av ulike påverknader.

– Vi vurderer at kunnskapsgrunnlaget i denne saka er svakt og i liten grad oppdatert. Kartleggingar i samband med søknaden, er utført av tiltakshavar sjølv. Det er få andre kunnskapskjelder, bortsett frå enkelte kartleggingar av truga dyreartar i området. Dette til tross for at tiltaka skal etablerast i eit område der det er lite menneskeleg aktivitet i dag. Vi har avgrensa kunnskap om naturen der, og veit også lite om korleis eit løyve til tiltaket kan påverke naturen og dei truga artane i området, seier seniorrådgivar Therese Småland hos Statsforvaltaren.

Må ha overordna plan

LNF-områda er meint å være naturområde utan byggetiltak. Enkle tiltak for å legge til rette friluftsliv kan i nokre tilfelle godkjennast.

– I denne saka er det planlagt opparbeiding av ein lang og brei gruslagd sti, gapahuk, klopper og fleire bruer, som i stor grad vil endre naturområdet sin karakter. Dette vil sette omsyna bak LNF-føremålet og kommuneplanen som styringsverktøy til side, seier Småland.

Ho peiker på at det også er eit vektig moment i saka at tiltakshavar har starta opp eit større reguleringsplanprosjekt for ein framtidig Ugla sykkelpark og vidare satsing på turisme i Torvika.

– Ein grundig planprosess vil gi høve til å greie ut dei ulike forholda i denne saka, også konsekvensane for naturverdiar og dyrelivet. Vilkåra for å innvilge dispensasjon er ikkje oppfylt og vedtaket er derfor endra til avslag. Dei omsøkte tiltaka må inngå i den framtidige reguleringsplanprosessen, avsluttar Småland.

Kontakt oss