Robek

Oppdatert 13. mars kl. 11:30

Kommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedtatt årsbudsjett, økonomiplan eller årsrekneskap innan dei gjeldande fristane, blir registrert i Robek, og blir underlagde statleg kontroll.

Kommunen skal kome i balanse

Robek er ei forkorting for register over betinga godkjenning og kontroll.

Statsforvaltaren har fleire verkemiddel for å følgje opp kommunane som er registrerte i Robek, for å støtte opp om arbeidet med å gjenopprette økonomisk balanse. Det er kommunen sitt ansvar å velje tiltaka som skal gjennomføre nødvendig omstilling.

Kommunen skal

  • vedta ein tiltaksplan innan gjeldande fristar
  • gjennomføre omstillingstiltak som sikrar at økonomien kjem i balanse

Statsforvaltaren kan gi skjønnsmidlar knytt til kommunen sin tiltaksplan for å
kome i økonomisk balanse.

Statsforvaltaren skal

  • kontrollere at vedtaket om årsbudsjettet er lovleg
  • godkjenne vedtak om å ta opp lån og langsiktige leigeavtalar
  • godkjenne vedtak om å ta opp lån og langsiktige leigeavtalar for interkommunale selskap med eigarkommune i Robek
Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.