Innsette i norske fengsel går på skule

Om lag halvparten av alle innsette i norske fengsel følgjer skuletilboda. Dette viser rapport for 2012 for opplæring innanfor kriminalomsorga.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.07.2013

I dag blir det gitt tilbod om opplæring ved alle fengsla som skal ha skule. Dei siste åra har det vore arbeidd for å auke omfanget av yrkesopplæring og over halvparten av elevane tek del i yrkesretta opplæring. Samarbeidet mellom skulen og arbeidsdrifta i fengsla er i god utvikling. Dette betyr at det blir lagt til rette for at fleire kan følgje yrkesrelaterte løp, alt frå kortare kompetansegivande kurs til at fleire tar fagprøve.

Dei som får opplæring i fengsel har ein rett på opplæring innan IKT på lik linje med andre elevar. Den norske løysinga IFI – internett for innsette – skal bidra til å sikre denne retten. I løpet av 2013 skal alle skulane/fengsla få ta i bruk denne løysinga. Talet på elevar som i samband med utdanning følgjer nettstøtta kurs er aukande.

Må leggje til rette
I 2012 gjennomførte Fylkesmannen, i lag med Universitetet i Bergen, den fjerde kartlegginga av fangebefolkninga. Kartlegginga i 2012 viser som tidlegare år, at innsette som hadde rett til opplæring, ikkje fekk denne retten oppfylt. Partane må leggje til rette for at tilbodet blir i samsvar med funna. Det er og viktig at retten til opplæring blir gjeldande for alle grupper innsette, både i varetekt og soning.

Skulane har store utfordringar på fleire område. Her kan det veksande talet på utanlandske innsette nemnast, auka i talet på varetektsinnsette og at stadig fleire innsette ønskjer tilgang til høgare utdanning. Fylkesmannen i Hordaland følgjer utviklinga nøye.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Aktuelt

Fylkesmannen i Hordaland har det nasjonale ansvaret for all opplæring innan kriminalomsorga.