Klar for valdagen?
Måndag 9. september er det stortingsval og sametingsval. Fylkesmannen rettleiar kommunane i planlegging og gjennomføring av val. Dette gjeld både ved stortings- og sametingsval og ved kommune- og fylkestingsval.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 26.08.2013
Er du innbyggjar med stemmerett og lurer på noko kring valet, bør du ta ein kikk på valportalen www.valg.no. Her kan du finne svar på alt du lurer på, eller lese om den humoristiske nettkampanjen som skal prøve å nå dei unge veljarane.