Færder nasjonalpark er oppretta
Verneplanen for Færder nasjonalpark i Vestfold fylke vart vedteken av Kongen i statsråd i dag. Færder er vår 37. nasjonalpark på fastlandet og utgjer ca. 340 kvadratkilometer, hovudsakeleg i sjø.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 23.08.2013
- Eg gler meg over at vi no har oppretta den andre nasjonalparken med store marine naturverdiar. Eit fantastisk natur- og kulturlandskap på Vestfoldkysten blir sikra for våre komande slekter, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.