Særfrådrag under avvikling

Ordninga med særfrådrag for store sjukdomsutgifter er under avvikling. I fjor behandla fylkesmennene 950 slike saker.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.09.2013

Ordninga har vore slik at personar med uvanleg store kostnader på grunn av varig sjukdom, eller varig nedsett funksjonsevne, kan ha rett på særfrådrag. Det er likningsstyresmaktene som avgjer om vilkåra for særfrådrag ligg føre. 

Dersom kostnadene gjeld behandling utanfor offentleg norsk helse- og sosialvesen, kan likningskontoret leggje saka fram for Fylkesmannen. Også skattytar som får avslag på særfrådrag for utgifter til slik behandling av likningskontoret, kan be om at Fylkesmannen vurderer saka.

I 2012 behandla alle fylkesmennene til saman 950 slike saker. Fylkesmannen i Oslo og Akershus stod for ein tredel av særfrådragssakene. No er ordninga under avvikling, det kan du lese meir om i forskrifta om utfasing av særfrådraget for store sjukdomsutgifter.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.