Tvang

Oppdatert 15.11.2024

Bruk av tvang overfor personar er regulert i fleire lover, blant anna pasient- og brukarrettslova, helsepersonellova, helse- og omsorgstenestelova og psykisk helsevernlova.

Lovreglane skal sikre forsvarlege tenester til pasientar og brukarar, og trekkjer grensa mellom lovleg og ulovleg tvang. Det er krav om at andre løysingar skal vere prøvde før helse- og omsorgstenesta vurderer bruk av tvang. Når det er nødvendig å bruke tvang, skal helse- og omsorgstenesta ta avgjerd om tvangsbruk i tråd med lova. Internkontrollen skal sikre at tenestene på området er i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Øyeblikkeleg hjelp etter helsepersonellova § 7

Dersom det er vurdert som påtrengande nødvendig skal helsepersonell straks gi helsehjelp sjølv om pasienten ikkje er i stand til å samtykkje, og sjølv om pasienten set seg imot helsehjelpa.

Helsehjelp gitt med tvang etter pasient- og brukarrettslova kapittel 4A

Føremålet med dette regelverket er å kunne yte nødvendig somatisk helsehjelp til pasientar som ikkje har samtykkekompetanse og som set seg imot helsehjelpa.

Målet er å yte nødvendig helsehjelp, hindre vesentleg helseskade og å førebyggje og avgrense bruk av tvang. Pasient eller næraste pårørande kan klage til Statsforvaltaren på eit vedtak om tvang. Dersom eit vedtak varer lenger enn tre månader skal Statsforvaltaren i alle tilfelle vurdere om det framleis er behov for helsehjelpa. Vedtak om innlegging og tilbakehald i institusjon eller helsehjelp som varer lenger enn tre månader, kan bringast inn for retten. Også Statsforvaltarens vedtak kan bringast inn for retten dersom helsehjelpa gjeld innlegging og tilbakehald, eller helsehjelpa varer lenger enn tre månader.

Les meir på nettstaden til Helsedirektoratet:
Pasient- og brukarrettigheitslova kapittel 4A med kommentarar
Skjema og rettleiing til vedtak etter pasient- og brukarrettigheitslova kapittel 4A

Bruk av tvang og makt etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9

Lova set rammer for bruk av tvang og makt i samband at det blir gitt helse- og omsorgstenester til personar med psykisk utviklingshemming. Reglane har som føremål å hindre at tenestemottakar utset seg sjølv, andre eller gjenstandar for vesentleg skade og å avgrense bruken av tvang og makt. Som tvang og makt reknar vi tiltak som tenestemottakaren motset seg, eller som er så inngripande at dei uavhengig av motstand må reknast som tvang eller makt. Kommunen pliktar å leggje til rette for minst mogleg bruk av tvang, og må blant anna ha prøvd andre løysingar før tvang eller makt kan bli aktuelt. All bruk av tvang og makt i helse- og omsorgstenesta skal dokumenterast.

Statsforvaltaren skal ha overprøvd og godkjent kommunens vedtak før helse- og omsorgsstenesta kan gjennomføre planlagt tvang. Bruk av tvang i nødsituasjon (ikkje planlagt tvang) skal dokumenterast og straks meldast til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren fører tilsyn med den kommunale helse- og omsorgstenesta og kontrollerer at reglene om bruk av tvang og makt blir følgde.

Vedtak og meldingar om tvang skal også sendast til tenestemottakar, verje og pårørande, som kan uttale seg om kommunens praksis. Desse personane kan også klage på avgjerda om bruk av tvang i nødsituasjon til Statsforvaltaren, og kan dessutan klage på Statsforvaltarens overprøvingsvedtak til fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker. I tilfelle der fylkesnemnda opprettheld overprøvingsvedtaket, kan tenestemottakar, verje og pårørande velje å bringe saka inn for tingretten.

Relevante skjema for opplæring o.l.


Les meir på nettstaden til Helsedirektoratet:
Rettstryggleik ved bruk av tvang og makt overfor enkelte personar med psykisk utviklingshemming (rundskriv og søknadsmalar for melding, vedtak og dispensasjon)

Tvang i medhald av psykisk helsevernlova

Regelverket for bruk av tvang innan psykisk helsevern blir regulert av reglane i psykisk helsevernlova og tilhøyrande forskrift. Det er oppretta særskilde kontrollkommisjonar i kvart fylke som skal sjå til at praksis er i tråd med lova. Lova regulerer dei formene for tvang som er særeigne for psykisk helsevern: i hovudsak vedtak om oppretting av tvungent psykisk helsevern og vedtak om ulike former for tvangsbehandling – særleg vedtak om tvangsbehandling med medikament.

Det er strenge krav til bruk av tvang i medhald av psykisk helsevernlova. Tvang kan berre brukast der frivillig psykisk helsevern har vore forsøkt utan at dette har ført fram, eller der det er openbert formålslaust å forsøke dette. Det er ein føresetnad at pasienten har ei alvorleg sinnsliding og pasienten må i tillegg oppfylle anten behandlingskriteriet eller farekriteriet. Det er dessutan eit vilkår at pasienten manglar samtykkekompetanse. Sistnemnde vilkår gjeld så sant det ikkje er nærliggande og alvorleg fare for pasientens liv eller andre personars liv eller helse. 

Klage på vedtak som gjeld bruk av tvang i medhald av psykisk helsevernlova skal rettast til kontrollkommisjonen. Alle institusjonar innan psykisk helsevern som kan nytte tvang, skal ha ein kontrollkommisjon knytt til seg. Dersom du ønskjer å klage på eit vedtak som gjeld tvangsbehandling med medikament, sender du klagen til Statsforvaltaren.

Bruk av tvang overfor rusmiddelavhengige

Rusmiddelavhengige personar som utset si eiga fysiske eller psykiske helse for fare ved omfattande og vedvarande rusmisbruk, kan leggast inn eller haldast tilbake i institusjon mot sin vilje. Andre hjelpetiltak må vere vurderte. Lov om helse- og omsorgstenester, kapittel 10, har reglar om vilkår og saksbehandling.

Gravide rusmiddelavhengige kan utan eige samtykke takast inn på institusjon og haldast tilbake der i heile svangerskapet dersom rusmisbruket er slik at barnet står i fare for å bli fødd med skade, og dersom det ikkje er nok med andre hjelpetiltak. Barneverns- og helsenemnda gjer vedtak om tilbakehald i institusjon.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.