Ekspertutval nemnt opp etter skredet i Gjerdrum
Utvalet skal gjennomgå årsakene til skredet og vurdere kva læringspunkt som kan bidra til å førebyggje slike skred.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Utvalet skal ha klar sin første delrapport i august 2021. I denne delrapporten skal utvalet skildre årsakene til skredet på Gjerdrum og eventuelle tiltak som kan knytast direkte til hendinga og som kan setjast i verk raskt.
Utvalet skal levere si samla utgreiing i form av ein NOU innan 31. januar 2022.
Les meir om utvalet i lenka til høgre.
Dette er medlemene i utvalet
Inge Ryan, lærar, Levanger (leiar)
Annegrete Bruvoll, partnar, Oslo
Ketil Matvik Foldal, beredskapssjef, Lillestrøm
Gunnar Ove Hæreid, assisterande statsforvaltar, Sogndal
Tone Merete Muthanna, professor, Trondheim
Steinar Nordal, professor, Trondheim
Hanne Bratlie Ottesen, senioringeniør, Nordre Follo
Inger-Lise Solberg, forskar, Trondheim