Ny statsforvaltar: Else-May Norderhus
Else-May Norderhus har overtatt som statsforvaltar i Møre og Romsdal. Ho vart utnemnt til statsforvaltar i oktober 2018, og tiltrer etter å ha fullført sin tredje periode på Stortinget.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Else-May Norderhus (tidlegare Botten) har vore på fylkestinget og Stortinget for Arbeiderpartiet. Ho har vore medlem i sentralstyret til Arbeiderpartiet i åtte år, og har hatt ulike styreverv. Else-May Norderhus har tatt studiar ved Høgskolen i Molde, Universitetet i Bergen og ved Høgskolen i Vestfold.
Du kan lese meir om Norderhus på nettsida til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Rigmor Brøste var konstituert statsforvaltar frå 2019 og fram til Else-May Norderhus begynte i stillinga. Brøste går tilbake til stillinga som assisterande statsforvaltar.