Under Berekraftsuka inviterer Statsforvaltaren i Rogaland til webinar om velferdsordningar i landbruket. Gjennom personlege erfaringar, informasjon om velferdsordningane og innblikk i avløysarlaga si rolle ønskjer vi å synleggjere korleis gode ordningar kan bidra til betre livskvalitet, auka likestilling og eit berekraftig landbruk.
Sjølv om webinaret har eit særleg fokus på kvinner i landbruket, er temaet relevant for alle bønder. Gode velferdsordningar er viktige for å gjere det mogleg å kombinere arbeid i landbruket med familie- og omsorgsansvar, og for å sikre at fleire kan vere aktive i næringa gjennom ulike fasar av livet.
Program
Velkomen og introduksjon til temaet
Monica Dahlmo, landbruksdirektør, og Maja Stanojevic
Erfaringar med velferdsordningar
Bjørg Marit Fuglestad, bonde
Avløysarlaget si rolle i velferdsordningane
Anne Beth Jünger, Haugaland avløysarlag
Bondevelferd og rettleiaren Trygg rådgivar
Hanne Elin Herrebrøden, landbruksavdelinga
Spørsmål og diskusjon
Berekraftsmål
Mål 3: God helse og livskvalitet
Mål 5: Likestilling mellom kjønna
Mål 12: Ansvarleg forbruk og produksjon
Vi håpar mange vil delta på eit aktuelt webinar om korleis gode velferdsordningar kan bidra til at fleire kan vere aktive i landbruket gjennom ulike livsfasar, styrkje rekrutteringa til næringa og fremje god helse og likestilling.
Du kan delta på webinaret ved å trykke på lenkja.