Høyring
Natur og friluftsliv
Natur- og miljøvern

Unikt kystkulturlandskap føreslått for vern i Karmøy, Rogaland - no kan du seie di meining

Publisert i dag kl. 09:00

Landskapet langs kysten på sørvestsiden av Karmøy, frå Syre til Åkra, ønskes vernet for framtidige generasjonar. Nå sender Statsforvaltaren forslag om vern på høyring.

Forslaget gjeld oppretting av Vestkyst Karmøy landskapsvernområde, samt Stavasanden naturreservat og Taravika naturreservat. 

Alle kan nå seie sin meining om planane. Frist for å sende inn innspel er 20. oktober 2026. Innspela sendast til Statsforvaltaren i Rogaland på e‑post eller per brev, og må merkes med "saksnummer 2021/8355."

Statsforvaltaren arrangerer ope folkemøte om verneplanen 27. august kl. 19:00-22:00 i storsalen på Karmøy kulturhus (Rådhusvegen 71, 4270 Åkrehamn).

Kystlynghei ved Grøtvik, Karmøy. Foto: Statsforvaltaren

Høyringsfrist
20. oktober
Berørte kommunar
Karmøy
 Send innspel

Om Statsforvalterens arbeid med nye verneområder

Stortinget har ein målsetnad om å ta vare på eit representativt utval Norsk natur for framtidige generasjonar. Arbeidet med vern er eit svar for dei nasjonale miljømåla, og følgjer av stortingsmeldingane St.meld. 14 (2016-2016) Natur for livet og St. meld. 35 (2023-2024) Berekraftig bruk og bevaring av natur. 

I Rogaland er det 35 naturtypar som peikar seg ut som manglande som vern etter naturmangfaldlova (Framstad mfl. 2010), og av desse er om lag 50 % representert på vestkysten av Karmøy, seier Einar Heegaard, seniorrådgjevar hjå Statsforvaltaren i Rogaland. 

Forslag om vern av Vestkyst Karmøy

Statsforvaltaren i Rogaland sitt forslag om vern på vestkysten av Karmøy inkluderer eit landskapsvernområde og to mindre naturreservat. Forslaga omfattar vernereglar for dei einskilde verneområda og vernekart for disse.

Avgrensing av områda i verneplanen og avgrensingar for einskilde reglar i forskrift kan du sjå i kart her:

Dette er ei enkel innsynsløysing med naudsynt kartinformasjon, der ein kan zoome inn på dei einskilde teigane i framlegget til vernegrense for Vestkyst Karmøy landskapsvernområde. Trykk her for tilgang til kartlaga i fullversjonen av Temakart Rogaland, med utvida kartinformasjon.

Eit samla vern av natur og kultur

Forslaget gjeld eit større område langs vestkysten av Karmøy: frå Åkrastrandene til Syre (med unntak av Ferkingstadhamn og Sandvehamn). Totalt omfattar området om lag 7878 dekar, der om lag halvparten er sjøareal.

Innafor landskapsvernområdet ligg to mindre naturreservat:

  • Stavasanden naturreservat (149 daa)
  • Taravika naturreservat (52 daa

Desse reservata blir omslutta av landskapsvernet, men vil ha nokon strengare reglar for å ta tilstrekkeleg omsyn til særskilt fugleliv.

Kvifor ønskjer ein vern?

Vestkyst Karmøy er eit kystkulturlandskap som har blitt til der land har bokstaveleg talt stege opp av havet. Her har  geologi, klima, natur og menneskeleg aktivitet tilpassa seg og forma området gjennom lang tid. Resultatet er eit unikt særpreg med småkuperte landskapet svært rik på naturvariasjon, båe i sjø og på land. Her finner me eit levande og aktivt samfunn som har gitt rom for mellom anna:

  • Sand- og steinstrender, klippar og sanddyner
  • Tareskog – ofte kalla Nordens marine regnskog
  • Kulturavhengige naturtypar som kystlynghei og naturbeitemark
  • Kulturminne frå vikingtid til moderne historie
  • Området er også svært viktig for fuglelivet. Det ligg midt i trekkruta langs kysten og er både rasteplass og overvintringsområde for mange vanlege og truga artar.

I alt er om lag 57 % av landareala vurdert som raudlista naturtypar, der dei menneskeskapte kystlyngheiane og naturbeitemarka utgjer brorparten. I tillegg er det betydelege bestandar av truga artar; plantar, sopp, fugl, m.m., som har tilhald langs vestkysten av Karmøy. I arbeidet med faggrunnlaget blei det gjort funn av to nye artar beitemarksopp for Noreg. e

Stavasanden med Syreglåna i bakgrunnen. (foto: Statsfovaltaren i Rogaland)

Kva betyr dei ulike verneformene?

Landskapsvernområde

  • Ei mild verneform
  • Tek vare på heilskapen i landskapet
  • Inkludera natur-, kultur og opplevingsverdiar som gjer at landskapet blir særeige og identitetsskapande 

Naturreservat

  • Strengare vern for to utvalde område
  • Skal beskytte dei viktigaste økosystem funksjonane for fuglelivet
  • Naturreservata på Karmøy er avgrensa til strandsona og sjø, og er gjort så små som mogleg for å redusere inngrep mot andre interesser.

Åkrastrendene. (foto: Norge i bilder 2026).

Kva betyr dette for deg som brukar området?

Eit viktig prinsipp i forslaget er at vernereglane ikkje skal vere strengare enn naudsynt for å ta vare på natur- og kulturlandskapet. I landskapsvernet er det viktig å erkjenne at ein av dei viktigaste faktorane for særpreg og karakter er skapt av måten menneske har brukt naturressursar på, båe historisk og moderne. Til dømes er det opne kulturlandskapet heilt avhengig av beitedyr, og at det er ein variasjon i hevd intensitet. Dette fordrar eit aktivt landbruk, ikkje berre i dag og i morgon, men også i ein framtid om særpreget skal bestå.

Området har fantastiske strender og kystlinje, som gir viktige gode til lokalsamfunnet, men samtidig har ein variert sårbarheit mot ytre påverknad og krev omsyn. 

Dette inneber mellom anna at i landskapsvernet: 

  • Vanleg friluftsliv, som bading, turgåing og strandaktivitetar, kan halde fram stort sett som før, t.d. langs sandstrendene er det kjekt med ballspel på den vegetasjonslause strandflata, mellom sjø og sanddynene, men i sanddynevegetasjonen vil slik aktivitet medføre stor fare for erosjon. 
  • Pågåande verksemd, t.d. gardsbruk, vil kunne fortsette så fremt dei ikkje påverkar landskapets særpreg eller karakter. Reguleringa freistar å tilpasse omsyn slik verksemd kan oppretthalde framtidig drift. Dette gjerast ved å balansere forbod og unnatak i forskrifta.
  • Beiting blir rekna som ein sentral faktor for å oppretthalde landskapets tilstand, og naturtypar som er avhengig av beitebruk er ein del av landskapsvernets føremål. 
  • Det er generelt bandtvang for hund.
     

Samstundes er det lagt vekt på regler som skal verne om sårbare natur- og kulturverdiar, til dømes sanddyner og viktige område for fugl (naturreservata).

I arbeid for eit levande kystkulturlandskap. (foto: Statsforvaltaren i Rogaland).

Slik går prosessen vidare

Etter høyringa  vil Statsforvaltaren gå gjennom alle innspel og skriv sin tilråding om vern til Miljødirektoratet. Miljødirektoratet vil skrive sin tilråding til Klima- og miljødepartementet (KLD). KLD samordnar mellom departement, og eit endeleg vernevedtak fattast ved kongeleg resolusjon i statsråd.

Alle kan sende inn merknadar innan fristen  20. oktober 2026.

Du sender inn forslag slik:

Merk innspelet med: «Saksnummer 2021/8355»

Du kan uttale deg om eitt eller fleire av områda. Dersom du peikar på konkrete stader, bør du vise til kart, eller oppgi adresse eller gards- og bruksnummer.

Send innspel via e-post eller brev:
E-post: sfropost@statsforvalteren.no
Post: Statsforvaltaren i Rogaland, Pb. 59, 4001 Stavanger

Alle innspel blir offentlege.

Høyringssvar

Under er innsende svar på høyringa.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Einar Heegaard
seniorrådgjevar, Statsforvaltaren i Rogaland
Tage A T Eriksen
fagleder natur, Statsforvaltaren i Rogaland