Færre raude og gule kommunar i Rogaland - men tre slit framleis økonomisk

Publisert i dag kl. 08:26

Økonomien har betra seg i mange av kommunane i Rogaland. I fjor var ni kommunar raude eller gule i KS si oversikt over økonomisk handlingsrom. No er det berre tre. Men framleis har fleire kommunar lite å gå på.

Det er mange veldrivne kommunar i Rogaland. Her frå Utsira.

Kva betyr det at ein kommune er grøn, gul eller raud?

Kort fortalt handlar det om kor mykje økonomisk handlingsrom kommunen har.

KS ser på kor mykje pengar kommunen sit igjen med etter eit år, kor mykje gjeld kommunen har, og kor mykje pengar han har spart opp. Ut frå dette får kvar kommune ein indeks og ein farge:

  • Grøn: Kommunen har større økonomisk handlingsrom.
  • Gul: Kommunen har moderat økonomisk handlingsrom.
  • Raud: Kommunen har avgrensa økonomisk handlingsrom.

Ein grøn kommune har altså betre føresetnader for å handtere uventa utgifter og økonomiske endringar enn ein raud kommune.

Korleis står det til i Rogaland?

Betre enn i fjor.

  • 2024: 14 grøne, 5 gule og 4 raude kommunar.
  • 2025: 20 grøne, 1 gul og 2 raude kommunar.

Rogaland er framleis fylket i landet med størst del grøne kommunar. Dei fleste av dei grøne kommunane har også fått betre økonomisk handlingsrom det siste året.

2024 var eit svært krevjande år for kommuneøkonomien i landet. Då enda 58 prosent av kommunane med negativt driftsresultat. Rogaland skilde seg likevel ut med fleire grøne kommunar enn resten av landet.

Kva kommunar har minst å gå på?

Strand og Haugesund er raude, medan Randaberg er gul.

Strand er raud for tredje året på rad og har ein handlingsromsindeks på 0,62. Det er likevel ei klar betring frå -1,55 året før. Kommunen fekk eit betre driftsresultat i 2025 og har redusert gjelda noko. Samtidig har kommunen lite pengar på disposisjonsfondet, som utgjer 2,6 prosent av driftsinntektene.

Haugesund er raud for andre året på rad, med ein indeks på 0,92. Også her er situasjonen noko betre enn året før, men kommunen har brukt av disposisjonsfondet sitt.

Randaberg har gått frå raudt til gult og har ein indeks på 1,13. Kommunen fekk i 2025 eit betre driftsresultat, lågare gjeld og meir pengar på disposisjonsfondet.

Det er ikkje berre desse tre kommunane som har betra seg. Dei fleste grøne kommunane i Rogaland har også fått høgare indeks enn året før. Berre Sokndal, Bjerkreim, Tysvær, Utsira og Sauda har gått ned.

Kvifor er kommuneøkonomien framleis krevjande?

Sjølv om tala har blitt betre, står kommunane framfor store endringar.

Det blir fleire eldre, samtidig som det blir færre barn og ein mindre del av befolkninga er i yrkesaktiv alder. Det betyr at kommunane over tid må bruke meir ressursar på helse- og omsorgstenester og mindre på andre område.

Det er lettare sagt enn gjort. Ein skule, ein barnehage eller eit kommunalt bygg kan ikkje utan vidare brukast til noko anna. Det same gjeld dei tilsette og kompetansen deira. Derfor kan det ta tid å tilpasse tenestene når befolkninga endrar seg.

Korleis ser tala ut for alle kommunane?

Økonomisk handlingsrom for kommunane i Rogaland, rekneskapstal for 2025
Kommune Netto driftsresultat inkl. netto bundne avsetningar i prosent av driftsinntektene Netto lånegjeld korrigert for ubundne investeringsfond i prosent av driftsinntektene Disposisjonsfond inkl. rekneskapsmessig meir-/mindreforbruk i prosent av driftsinntektene Handlingsromsindeks
Strand 1,5 101,8 2,6 0,62
Haugesund 0,5 84,3 5,8 0,92
Randaberg 1,7 92,5 5,2 1,13
Karmøy 0,9 65,6 12,7 2,14
Sandnes 2,5 69,0 10,5 2,38
Stavanger 2,5 69,0 12,9 2,63
Time 3,9 80,7 10,6 2,67
Gjesdal 3,3 75,1 12,3 2,74
Sokndal 1,1 54,0 19,8 3,21
Sola 4,2 59,8 11,6 3,22
Lund 5,8 47,8 10,6 3,85
Eigersund 5,0 82,8 18,6 3,89
4,5 69,5 23,5 4,48
Klepp 5,8 73,7 20,9 4,54
Bokn 2,7 78,1 31,4 4,62
Utsira 0,7 70,0 36,9 4,71
Bjerkreim 5,7 66,4 25,0 5,11
Vindafjord 4,9 52,9 25,7 5,12
Tysvær 5,6 103,1 33,4 5,40
Hjelmeland 13,1 75,7 30,6 8,03
Sauda 6,7 65,5 52,8 8,54
Kvitsøy 7,2 -39,4 48,2 9,94
Suldal 19,0 38,3 61,7 14,15

Korleis blir økonomisk handlingsrom rekna ut?

For dei som vil litt lenger ned i tala: KS byggjer indeksen på tre indikatorar som blir vekta likt:

  • Netto driftsresultat etter netto bundne fondsavsetningar. Det seier noko om kor mykje av dei løpande inntektene kommunen sit igjen med etter at utgiftene er betalte og pengar til bundne formål er sette av.
  • Disposisjonsfond inkludert samla meirforbruk. Det seier noko om kor stor økonomisk buffer kommunen faktisk har tilgjengeleg.
  • Netto lånegjeld trekt frå ubundne investeringsfond. Det seier noko om kor stor gjeld kommunen reelt må bere over tid.

KS bruker nokre normalnivå i berekninga. For disposisjonsfond er 5 prosent av driftsinntektene sett som normalnivå. For netto lånegjeld er normalnivået 85 prosent av driftsinntektene. For netto driftsresultat gir under 1 prosent av driftsinntektene avgrensa handlingsrom, mellom 1 og 2 prosent moderat handlingsrom og over 2 prosent større handlingsrom.

Dei tre indikatorane blir sette saman til éin handlingsromsindeks:

  • Under 1: avgrensa økonomisk handlingsrom – raudt
  • Mellom 1 og 2: moderat økonomisk handlingsrom – gult
  • Over 2: større økonomisk handlingsrom – grønt

Indeksen er først og fremst eit verktøy for å sjå fleire sider av kommuneøkonomien i samanheng og følgje utviklinga over tid.

Økonomisk handlingsrom i norske kommunar i 2025