Meir enn 90% av den ville fjellreinen i Europa bur i Noreg. Det betyr at me har eit spesielt ansvar for å bevare arten og leveområda hans.
Undersøkingar viser at tilstanden og utviklinga for arten (Rangifer tarandus) i Noreg er dårleg, og denne tiltaksplanen er ein del av arbeidet for å snu den negative trenden.
Tiltaksplanen inneheld til saman 85 tiltak. Desse gjeld mellom anna arealplanlegging og arealforvaltning, regulering av ferdsel på vegar og anna ferdsel, villreinhelse, bestandsforvaltning og restaurering.
Planen inneheld også konkrete, områdespesifikke tiltak som i stor grad er ferdselsregulerande og knytt til vegar, hytte- og løypenett, annan infrastruktur og jakt.
Målet med tiltaksplanen er å reetablere passasjar villreinen har brukt tidlegare, og ta vare på dei trekkpassasjane villreinen bruker i dag.
Heile tiltaksplanen kan du lese her.
Dette betyr tiltaksplanen for Rogaland
Mange av tiltaka gjeld for områder som anten ligg i Rogaland, eller har tett tilknyting til fylket vårt. Under følgjer nokre døme frå tiltaka i tiltaksplanen.
Tiltak 37: Gjennomføre utbetring og opning av tunnel frå Øvre Moen til Oddatjønndammen for allmenn motorisert ferdsel i tråd med vedteken detaljplan
Tiltak 42: Omlegging av hytte- og løypenett ved Storsteinen.
Tiltak 44: Halde anleggsveg til Duge/ Svartevassmagasinet stengt for allmenn motorferdsel.
Tiltak 58: Kanalisering av ferdsle på ski bort frå villreinen sitt trekkområde i Flatstøldalen.
TILTAK 59: Vurdere å utsetje maskinpreparering av skiløyper i Jogledalen og Hønedalen.
Kvifor skjer dette no?
Bakgrunnen for tiltaksplanen er Kvalitetsnorm for villrein frå 2020, og klassifiseringa av dei nasjonale villreinområda frå 2022. Klassifiseringa frå 2022 viser at villreinen har betydelege utfordringar i dei fleste av villreinområda.
Villreinmeldinga som regjeringa la fram i 2024, og handsaminga i Stortinget, dannar ei ramme for arbeidet med tiltaksplanane for norske villreinområde.
Tiltaksplanane er ikkje juridisk bindande, men er ei samla oversikt over tiltak som skal søkjast gjennomført av styresmakter på statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå, frivillige organisasjonar, rettshavarar, grunneigarar og andre aktørar i villreinområda.

Kart over verneområde i Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde.