Skal du jobbe i eller nær ein bekk eller ei elv? Dette bør du vite

Publisert 29. juni kl. 09:24

Små tiltak kan få store konsekvensar for naturen. Når vi byggjer, grev eller gjer inngrep nær bekkar, elver og innsjøar, kan det påverke både vasskvalitet, dyreliv og friluftsområde.

Les den nye handboka for maskinførarar om tiltak i vassdrag her.

Elvelandskap med ulik natur. Illustrasjon: Oda Margrethe Mamen

Kvifor er dette viktig?

Vassdrag er sårbare. Sjølv mindre inngrep kan føre til:

  • Forureining av vatnet
  • Øydelagde leveområde for fisk og andre artar
  • Auka erosjon og dårlegare flaumtryggleik

Lovverket i Noreg stiller strenge krav til tiltak i og nær vatn. Mellom anna skal alle inngrep planleggjast slik at dei gjer minst mogleg skade på miljø og andre interesser.

I tillegg skal det takast særleg omsyn til natur og friluftsliv i område nær vassdrag, ofte innanfor eit belte på opptil 100 meter.

Kven gjeld dette for?

Dette gjeld mange fleire enn du kanskje trur:

  • Entreprenørar og utbyggjarar
  • Kommunale saksbehandlarar
  • Bønder og grunneigarar
  • Konsulentar og planleggjarar

Kort sagt: Alle som gjer tiltak i eller nær vatn.

Kva betyr «Vett i vassdrag»?

Det handlar om å ta gode val – frå planlegging til gjennomføring. Til dømes:

  • Planlegg tiltak slik at inngrep blir minst mogleg
  • Unngå arbeid i periodar som er sårbare for naturen (t.d. gyting)
  • Hindre avrenning av massar og forureining
  • Ta vare på kantvegetasjonen langs elver og bekkar

Enkle grep kan gjere stor skilnad.

Få konkrete råd og rettleiing

For å gjere det enklare å ta omsyn på rett måte, er det laga ein praktisk rettleiar med råd, sjekklister og gode døme. Du finn han under dokument på denne sida.

Handboka gir deg konkret hjelp til å gjennomføre tiltak på ein måte som tek vare på både natur, regelverk og samfunnsinteresser.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Annette Fosså
seniorrådgivar, Statsforvaltaren i Rogaland
Anneli Vatshaug Jenssen
rådgiver, Statsforvaltaren i Rogaland