Vil du vere med og rydde under landets største ryddeaksjon?

Publisert 7. september kl. 13:43

Strandryddeveka 2026 finner stad 11. – 20. september. Ryddeaksjonen er open for alle som ynskjer å delta. 

Kvart år deltek meir enn 15 000 personar i den nasjonale ryddedugnaden. Målet er å bidra til ein reinare natur. 

Hold Norge Rent oppfordrar alle til å enten bli med på ein ryddeaksjon, eller arrangere ein sjølv. Ein aksjon kan vere alt frå eit lite arrangement med berre familie eller venner til eit større arrangement saman med jobben, idrettslaget eller andre frivillige.

Hugs at det også er mogleg å rydde på eigehand. Ingen bidrag er for små. Eller store. 

Eg vil rydde i mitt nærområde – kven, kva, korleis? 

Strandryddeveka er ikkje éit arrangement, men ei samling av mange arrangement over heile landet. Det finst fleire aktørar som koordinerer frivillig opprydding lokalt og regionalt.

Her kan du finne din lokale kontakt i ryddemiljøet for å få meir informasjon om korleis du kan delta på ryddeaksjonar i ditt nærmiljø.

Du kan også opprette din eigen ryddeaksjon. Meir informasjon om det finn du ved å klikke på denne linken.

Slik får du tak i gratis ryddeutstyr

Hold Norge Rent tilbyr gratis ryddeutstyr til alle frivillige som skal gjennomføre ryddeaksjonar og for innsamling av avfall på tur. Du kan enten hente eller bestille hanskar, avfallssekkar, avfallsposer og storsekker.

Her finner du meir informasjon om korleis bestille eller hente ryddeutstyr.