KDD gir retningslinjer for fordeling, bruk og rapportering av skjønstilskot. Statsforvaltaren skal gjere ei heilskapleg vurdering av kommunen sin økonomi og behov. Skjønstilskotet skal ikkje fordelast berre på grunnlag av enkeltsaker eller økonomien innan eitt tenesteområde.
For å sikre ei best mogleg fordeling, er det viktig med god informasjon frå kommunane. Vi ber derfor alle kommunar i Rogaland om å sende inn skriftleg søknad dersom dei har spesielle, lokale forhold som ikkje blir fanga opp av inntektssystemet eller andre ordningar.
Skjønstilskot for 2027 blir berre vurdert tildelt til kommunar som har sendt inn søknad innan fristen 30. august 2026. Dersom søknaden gjeld konkrete utgifter, må kommunen dokumentere desse.
Døme på forhold som kan gi grunnlag for ordinært skjønstilskot:
• utgifter til båtskyss av helsepersonell
• særskilte kostnader knytt til språkdelingsgrupper
• konsekvensar av trekk- og korreksjonsordninga (privatskolar)
• økonomisk ubalanse
Send søknad til postmottak: sfropost@statsforvalteren.no