Den statlege tilskotsordninga skal bidra til å støtte opp om det ansvaret som barnehage- og skuleeigarar har for å arbeide med kompetanse- og kvalitetsutvikling.
Midlane frå tilskotsordninga skal støtte tiltak som gir kollektiv kompetanseutvikling i barnehagar og skular. Barnehage- og skuleeigarar gjennomfører kompetansetiltaka i samarbeid og partnarskap med universitet og høgskular.
Tilskotsordninga omfattar:
- Regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage
- Desentralisert ordning for grunnskular og vidaregåande skular
- Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis
Målgrupper for kompetansetiltaka
Målgrupper for kompetansetiltaka i tilskotsordninga er lærarar, leiarar og andre tilsette i barnehagar og skuler, og andre i organisasjonen rundt som bidreg til kvalitet i tilbodet til barn og unge.
Målgrupper for kompetansetiltaka i Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis er breiare og omfattar i tillegg til barnehage- og skuleeigarar, tilsette i PP-tenesta og andre tverrfaglege tenester i kommunane og fylkeskommunane som inngår i laget rundt barnet og eleven.
Melde kompetansebehov
Det er barnehage- og skuleeigarar som analyserer kompetansebehovet og deretter melder behov for kompetanseutvikling til statsforvaltaren. Eit nettverk av eigarar kan velje å gå saman om å melde behov for kompetanseutvikling.
Statsforvaltaren legg til rette for at behovsmeldingane skal kunne behandlast og prioriterast i samarbeidsforum.
Samarbeidsforum prioriterer tiltak
Det er samarbeidsforum i fylka som prioriterer kva tiltak tilskotet skal fordelast til. Dette blir gjort ut frå lokale kompetansebehov.
Samarbeidsforum skal inkludere representantar for offentlege og private barnehage- og skuleeigarar, kommunar som lokal barnehagemynde, universitet og høgskular med geografisk tilknyting til regionen, lærarorganisasjonane og KS . Samarbeidsforum kan også invitere andre aktørar til å vere med i samarbeidsforum. Statsforvaltaren har sekretariatsansvar for samarbeidsforumet og betalar ut midlane etter avgjerd i samarbeidsforum.