Eksamen og vurdering

Oppdatert 03.05.2024

På denne sida vil du finne informasjon om sentralt gitt eksamen i grunnskolen og i vidaregåande opplæring, nasjonale prøver, kartleggingsprøver og standpunktvurdering.

Statsforvaltaren rettleier i systema for prøveadministrasjon (PAS) og prøvegjennomføring (PGS) til kommunar, skolar og sensorar. I tillegg rettleier vi om praktiske, tekniske og juridiske spørsmål om eksamen og elevvurdering.

Statsforvaltaren koordinerar sensur for eksamen som er gitt sentralt i grunnskolen og i grunnskoleopplæring for vaksne. Arbeidet omfattar blant anna å rekruttere, oppnemne og skolere sensorar og oppnemne oppmenn og arrangere fellessensur.

Vi administrerar behandling av klager på eksamenskarakterar i utvalde fag.

Vidare behandlar vi klager på standpunktkarakterar. Sjå meir om dette under "Klage på standpunktkarakterar" ein annan stad på denne sida. 

Munnleg og munnleg-praktiske eksamenar 
Munnleg eksamen er ein lokalt gitt eksamen som skoleeigar har ansvaret for. For meir informasjon sjå Utdanningsdirektoratet si side om munnleg eksamen.

Klage på eksamen

Vil du klage på eksamen, kontaktar du skolen din.

Oversikt over kven som er klageinstans for dei ulike faga, finn skolar og skoleeigarar i PAS-eksamen under menypunktet Klageansvar.

Statsforvaltarens ansvar for behandling av klagar i grunnskolen
Statsforvalteren i Vestfold og Telemark er klageinstans for skriftleg eksamen i norsk for grunnskolen for hele landet.

Statsforvalteren i Vestfold og Telemark er klageinstans for munnleg eksamen i alle fag frå skolar i Telemark fylke og i Vestfold fylke.

Statsforvaltarens ansvar for behandling av klagar i vidaregåande opplæring
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark er klageinstans etter høsteksamen for norskfaget og alle språkfaga for hele landet. 

Sjå elles meir informasjon om eksamen på Utdanningsdirektoratet sine sider.

Datoer for sensorskolering og fellessensur våren 2024 

Grunnskolen

Mandag 27. mai – sensorskolering norsk og engelsk. Sted: Clarion Collection Hotel Bryggeparken i Skien.

Torsdag 30. mai – sensorskolering matematikk. Sted: Quality Hotel Grand Larvik.

Onsdag 19. juni – fellessensur norsk, engelsk og matematikk. Sted: Scandic Park Sandefjord.

Videregående

Tirsdag 28. mai – sensorskolering norsk hovedmål og sidemål. Sted: Clarion Collection Hotel Bryggeparken i Skien.

Onsdag 20. juni – fellessensur for sentralt gitt eksamen i norsk. Sted: Scandic Park Sandefjord.

Alle sensorane er plikta å møte til fellessensuren.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 08.03.2022

Varsling til elevar og foreldre på e-post eller læringsplattformer

Skolen skal varsla elevane og foreldra om eleven står i fare for å ikkje få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i fag, eller nedsett karakter i orden eller åtferd, jf. forskrift til opplæringslova § 3-8.


Informasjon om eksamen

Klage på standpunktkarakterar

Vi har utarbeidd eitt informasjonskriv på bokmål og eit informasjonsskriv på nynorsk til elevar og foreldre om retten til å klaga på karakterar. 

Meir informasjon om standpunktvurdering, og behandling av klager på standpunkpunkt, finn du på nettsidene til Udir:  

Standpunktvurdering (Udir.no)

Behandling av klager på standpunktkarakterer i fag (Udir.no)

Innsending av standpunktklager

Det er skolen som sender klagar på standpunktarakter i fag, og på orden og åtferd til Statsforvaltaren.

Skolen sender inn ved å bruke den elektroniske løysing vår for Klage på standpunktkarakterer i grunnskolen.

Skolen skal registrere all generell informasjon i det elektroniske skjemaet og kan laste opp aktuell dokumentasjon i klaga som vedlegg.

Vi ber om at det blir fyllt ut eitt skjema for kvar karakter det blir klaga på. 

Løysinga er sikker, slik at dokument som er halde unna offenlig innsyn kan sendast.