Foreslå skole til Benjaminprisen 2020
Tilhøyrer du eller veit du om ein skole som jobbar aktivt mot rasistiske haldningar og andre formar for diskriminering? Har skolen god undervisning som utfordrar stereotypiar og fordommar? Jobbar skolen systematisk for å skapa likeverd og samhald?
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Benjaminprisen blir delt ut kvart år til ein skole som arbeider aktivt mot rasisme og diskriminering.
Prisen består av eit diplom og kunnskapsdepartementet har sett prispengane til 250.000.
Prisen blir overrekt av kunnskapsministeren i januar.
Ved å foreslå ein skole hjelper du oss med å løfta fram godt arbeid mot rasisme og diskriminering.
Gå inn på www.benjaminprisen.no for å komme med forslaget ditt. Her kan du òg lese meir om prisen, kriteria for tildelinga og tidlegare vinnerskoler.
Det er Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoriteter, HL-senteret, som administrerer prisen.
Sjå heimesidene våre www.hlsenteret.no for meir informasjon.