Tilsynsaktivitet på barnehage-, skole og integreringsområdet i 2023
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har som oppgåve å føre tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit og kommunen som skoleeigar. Tilsyn skal bidra til at rettstryggleiken for barn og elever blir ivaretatt. I 2023 har vi gjennomført 14 tilsyn.
På barnehageområdet har vi hatt tilsyn med fire kommunar, og på skoleområdet har vi hatt tilsyn med 9 kommunar og kontrollert praksis på 20 skolar.
Statsforvaltaren vel kommune og tema for tilsyn på bakgrunn av ei risikovurdering. I 2023 har vi ført tilsyn med følgande tema:
- Organiseringa av oppgåvene kommunen har som barnehagemynde
- Barnehagemyndigheita si behandling av søknader om mellombels dispensasjonar frå norm for pedagogisk bemanning og frå utdanningskravet for pedagogisk leiar
- Skolemiljø og kommunens internkontroll
- Fatte vedtak om spesialundervisning
- Skolens ordensreglement og handtering av bortvising
- Skolen arbeid med elevanes utbytte av opplæringa
- Differensiering av introduksjonsprogrammet og norskopplæring
Vi har funne brot på regelverket i nesten alle tilsyna vi har gjennomført. I fleire av tilsyna har vi undersøkt om kommunedirektøren har tilfredsstillande internkontroll på tenesteområdet. Tilsyna viser at det ofte manglar ein internkontroll som er systematisk og tilpassa verksemda sine risikoforhold.
Når Statsforvaltaren finn at kommunane ikkje har ein lovleg praksis, blir dei pålagde å endre denne praksisen. Tilsynsrapportane som er offentlege, er tilgjengeleg i den nasjonale tilsynskalenderen.
Kontaktpersonar
-
Selma Hadzic
Tlf: 33 37 24 28 / 99 44 76 61 -
Tom Ustgård
Tlf: 35 58 63 73 -
Kristine Sti
Tlf: 33 37 24 38