Helse- og omsorgsinstitusjonar må så langt som mogleg leggje til rette for besøk
Behovet for besøk i kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar må i ulike fasar av covid-19-epidemien vurderast opp mot risiko for smitte for den einskilde pasient/bebuar, for medpasientar, for pårørande og for tilsette.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det skal takast omsyn til faren for smittespreiing i samfunnet. Kva ressursbruk det krev å leggje til rette for besøk i institusjonen, inngår også i denne vurderinga.
For den einskilde kan behov for nærheit og omsorg frå pårørande komme i konflikt med smittevernomsyn. Den einskilde sitt behov og ynskjer for besøk og anna sosial kontakt må kartleggast. Pasientane og brukaranes rett til medverknad og sjøbestemming må ivaretakast så langt det er mogleg.
Alle besøk i kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar bør vera avtalte på førehand under covid-19-epidemien. Institusjonen bør halde oversikt over kven som er på besøk. Det bør òg vera klart kven i institusjonen som er ansvarleg for å vurdera og avtala besøk.
Det vil vera særleg viktig å leggje til rette for besøk når pasient/bebuar/pårørande er barn. Det same gjeld mellom anna når pasienten er alvorleg sjuk eller døyande, samt ved langvarig opphald i institusjon. Meir om vurderingskriterium for besøk: