Kommunelegen kan ikkje delegera vidare ansvar for oppgåver innan smittevern
Kommunelegen har svært omfattande ansvar og oppgåver innan smittevern. Det er ikkje nødvendig at han utfører alle oppgåver personleg. Han må likevel sørga for at dei blir utførte forsvarleg.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 16.09.2020
Fylkesmannen kan ikkje sjå at smittevernlova opnar for at kommunelegen kan delegera ansvar for oppgåver som er tillagt han etter lova. Kommunelegen bør kunna bruka medhjelparar så lenge det er forsvarleg og så lenge det er under kontroll og tilsyn frå kommunelegen.
Ansvar og oppgåver til kommunelegen innafor smittevern er regulert i smittevernlova § 7-2
Sjå lenkje til smittevernlova i si heilheit til høgre i artikkelen.