Manglar ved Sykehuset Telemark
Fylkesmannen fann manglar ved leiinga si kontroll og oppfølging av tiltak som sikrar at pasientar får rett behandling ved Sykehuset Telemark HF.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Plassmangel
Fylkesmennene gjennomfører i 2019 og 2020 eit landsomfattande tilsyn med spesialisthelsetenester til pasientar som grunna plassmangel blir flytta til annan sengepost. Tilsynet omfattar flytting/utlokalisering av somatiske pasientar med helseproblem innanfor fagområda indremedisin, gastrokirurgi og ortopedisk kirurgi.
Risikområde
Sykehuset Telemark HF har identifisert utlokalisering som eit risikoområde og sett i verk risikoreduserende tiltak. Det er likevel manglar ved leiinga si kontroll og oppfølging av tiltak.
Det er manglar ved ulike område, alt frå kontrollen, oppfølginga og til leiinga av tiltak. Helseføretaket sikrar ikkje at pasientar får tilstrekkeleg informasjon i samband med utlokalisering. Sjå "lenkjer" for meir informasjon.
Tilsyn med same tema vil bli gjennomført ved Sykehuset i Vestfold HF våren 2020.
Kontaktpersonar
-
Astrid Roald
Tlf: 33 37 23 92