Fire distriktskommunar i Telemark kan søkje om tilskot til legevakta
Helsedirektoratet har lyst ut eit tilskot på 50 millionar kroner for å styrke legevakttenesten i små distriktskommunar. I Vestfold og Telemark er det Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje som kan søkje om tilskot.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kravet for å søkje er at kommunen har færre enn 5000 innbyggarar og ligg i det SSB definerar som sentralitetsklasse 6 (sjå nærare definisjon på SSB sin nettstad).
Målet med ordninga er å betre rekrutteringa til legevaktordninga eller å redusere vaktbelastning.
Frist for å søkje er 18. mai 2022.
For å hjelpe kommunane i arbeidet med å søkje tilskot er det planlagt fleire støtteaktivitetar frå Helsedirektoratet sin side:
- Webinar 27. april kl 13.00
(Webinaret vil også dekkje tilskotsordninga Nasjonal ALIS og rettleiing) - PDF med inspirasjon og tips til tiltak som kommunane kan søkje tilskott til innafor ulike områder (publiseres her ila april)
Les meir om tilskotsordninga på Helsedirektoratet sine nettsider.
Kontaktpersonar
-
Mats Foshaug
Tlf: 33 37 23 81