Søknad om mudring og dumping ved Kastebukta båthamn i Norsjø

Høyringsfrist:
26. juni 2020

Føremålet med mudringa er å oppnå tilfredsstillande seilingsdjupn i felles båthamn. 

Publisert 05.06.2020

På vegne av Ulefoss Båtforening søkte Sweco Norge AS den 28.05.2020 om løyve etter forureiningsregelverket til å mudre 1 650 m2 sjøbotn med eit masseuttak på 1 980 m3. Mudringa skal utførast ved Kastebukta båthamn, gbnr. 42/66 i Norsjø i Nome kommune.

Føremålet med mudringa er å oppnå tilfredsstillande seilingsdjupn i felles båthamn. Det er ønskeleg å auke djupna på stedet det skal mudrast frå 0,8 meter til 2 meter. Arbeidet skal utførast med gravemaskin frå lekter. Det er søkt om å dumpe massane litt utanfor området som skal mudrast. Det er informert om at det kan nyttast siltgardin under arbeida, og at dumping av massane vil utførast når det er lita vassføring i Eidselva.    

Sjøbotnen i tiltaksområdet har vorte analysert for miljøgifter ved 5 stasjonar, der to stasjonar er innanfor det aktuelle mudringsarealet og ein stasjon er innanfor dumpeområdet. Resultata viser konsentrasjonar av miljøgifter tilsvarande tilstandsklasse II (god) ved mudreområder og V (svært dårleg) ved dumpeområdet,  jf. klassifiseringssystem for sediment (02:2018).

I Miljødirektoratet sin Naturbase kjem det fram at tiltaket det er søkt om ikkje vil røre registrerte naturverdiar.

 

Frist for å kome med innspel er 26. juni 2020

Du kan sende innspel til:

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på epost til fmvtpost@fylkesmannen.no