Søknad om mudring ved Valleveien i Bamble
- Høyringsfrist:
- 25. mai 2021
Stein Erik Hagen søker om løyve til å mudre utanfor privat brygge ved Valleveien 990 i Bamble kommune.
Stein Erik Hagen søkte 05.02.2021 om løyve etter forureiningsregelverket til å mudre 385 m2 sjøbotn med eit masseuttak på 193 m3. Mudringa skal utførast ved Valleveien 990, gbnr. 83/142 i Bamble kommune.
Føremålet med mudringa er å oppnå tilfredsstillande seglingsdjupn for å legge til med båt. Det er ynskeleg å auke djupna på staden frå 30 – 40 cm til 80 -90 cm ved lågvatn. Arbeidet er planlagt utført ved grabbmudring frå land, men det kan bli behov for å nytte lekter i deler av området. Massane skal leverast til lovleg avfallsanlegg og det er beskriven bruk av siltgardin under arbeidet.
Sjøbotnen i tiltaksområdet har blitt analysert for miljøgifter ved 1 stasjon og det er analysert prøve frå overflaten (0-10 cm) og djupare sediment (10-50 cm). Resultata viser konsentrasjonar av miljøgifter tilsvarande tilstandsklasse V for TBT i begge prøvene, jf. klassifiseringssystem for sediment (M-608|2016 «Grenseverdier for klassifisering av vann, sediment og biota»).
I Miljødirektoratet sin Naturbase (kart.naturbase.no) kjem det fram det at tiltaket det er søkt om ikkje vil røre registrerte naturverdiar.
Eventuelle merknader til søknaden kan innan 25.05.2021 sendast til:
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no
- Høyringsfrist:
- 25. mai 2021
Dokument
Kontakt oss
Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09
E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no
All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding