Statlege forventningar til kommunane 2024
– Når staten vedtar lover, retningsliner og nye satsingar, er det ofte kommunane som skal levere. I det årlege forventningsbrevet til kommunane klargjer vi dei viktigaste og dei nye forventningane som regjeringa har til kommunane, seier fungerande statsforvaltar Fred-Ivar Syrstad.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Velfungerande kommunar er heilt avgjerande for gjennomføring av statleg politikk. Det gjeld mellom anna på skule- og barnehageområdet, innan helse- og omsorgstenestene, på miljø- og landbruksområdet og i forvaltninga av areala.
Dokumentet «Statlege forventningar til kommunane», gjerne kalla forventningsbrevet, skal vere med på å skape eit godt grunnlag for samarbeid og dialog gjennom året.
Statsforvaltaren har eit overordna ansvar for å:
- gjennomføre nasjonal politikk i fylket og vareta ei rekkje forvaltningsoppgåver på vegne av departement og direktorat
- vareta rettstryggleiken til innbyggjarane ved å føre tilsyn med delar av kommuneverksemda og gjennom å vere klageinstans for kommunale vedtak
- formidle og samordne statlege styringssignal til kommunane, og gi råd og rettleiing til kommunar og andre i samsvar med oppdrag frå regjeringa og fagdepartement/direktoratet
Lenkje til forventningsbrevet finn du under "Dokumenter"