Verdivurdering av landbrukseigedom
- Dato:
- 22. oktober 2020 12:00 - 28. oktober 2020 09:00
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestfold og Telemark
- Målgruppe:
- Kommunal landbruksforvalting i Vestfold og Telemark
Etter oppfordring frå fleire kommunar, inviterar vi til kurs i verdivurdering av landbrukseigedom.
Kurset vert gjennomføra digitalt med bruk av teams dagane 22. oktober (kl. 12.00-15.00) og 28.oktober (kl. 09.00-12.00).
Vi har hyra inn Jostein Vasseljen som føredragshaldar. Vasseljen jobbar til dagleg som seniorrådgjevar i Nibio i Trondheim knyt til divisjon for kart og statistikk, driftsøkonomisk analyse. Samstundes driver han privat eit enkeltmannsføretak innan taksering. Vasseljen har tidlegare halde tilsvarande kurs om verdivurdering av landbrukseiegdom for Fylkesmannen i Trøndelag. Der gav dei kurset og foredragshaldar svært gode tilbakemeldingar. Vi er derfor glade for at han takka ja til å halde eit slikt kurs for oss i Vestfold og Telemark.
Kurset er delt på to dagar sidan vi skal bruke teams.
- Dag 1 har særleg fokus på lovverk, verdivurdering av areal og verdivurdering av andre rettigheiter.
- På dag 2 er det fokus på bygningar og ulike problemstillingar knyt til verdivurderingar.
Vi har også fått inn nokre konkrete problemstillingar frå kommunane som vil bli omtala i kurset.
Vi oppfordrar dere til å vere med på begge kursdagane for å få ei god og samlande innføring i temaet.
Påmelding nederst på denne siden.
Dag 1:
Time |
Tema |
1 |
Regelverk som omhandler prissetning av landbrukseiendommer
|
2 |
Verdsettingsprinsipper
|
3 |
Andre rettigheter:
|
Dag 2:
Time |
Tema |
4 |
Driftsbygg
|
5 |
Boliger
|
6 |
Saksbehandling
|
- Dato:
- 22. oktober 2020 12:00 - 28. oktober 2020 09:00
- Stad:
- Teams
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Vestfold og Telemark
- Målgruppe:
- Kommunal landbruksforvalting i Vestfold og Telemark