Varsel om forvaltningskontrollar i kommunane i 2024 er sendt ut

Brevet inneheld ei oversikt over kontrollar innan jordbruk og skogbruk som Statsforvaltaren skal gjennomføra i kommunane dette året.

Publisert 03.04.2024

Spesielt for 2024

I 2024 vil me halda fram med å leggja vekt på arbeidet i kommunane med internkontrollen for dei økonomiske tilskotsordningane innan landbrukssektoren. Internkontrollen skal vere forankra og integrert i kommunen sitt styringssystem. I kontroll av sakshandsaminga vil me leggja vekt på vurderingane og grunngjevingane skrivne i kommunane sine vedtak, jf. forvaltningslova §§ 24 og 25.

Kva skjer vidare?

Me vil med dette brevet varsla om kontrollane. I neste omgang vil me ta konktakt for å avtala aktuelle tidspunkt for kontroll med kvar einskild kommune. Datoane vil me deretter stadfesta med brev som òg gir fleire detaljar om tema, innhald og tidsplan.

Sjå brev med varsel under dokument.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.