Korleis stadfeste at utanlandsk personell som skal inn i grøntnæringa er knyt til kritiske samfunnsfunksjonar?

Grøntnæringa er inne i ei kritisk tid med tanke på arbeidskraft til oppal, utplanting og stell. Mangel på arbeidskraft kan føre til at areal som tidlegare er bruka til grønsaker, bær og potet, heller vert nytta til korn.

Publisert 18.03.2021

For å oppretthalde norsk produksjon av grønsaker i 2021, er det derfor viktig å sikre tilgangen på arbeidskraft. Mange er avhengige av utanlandsk arbeidskraft. Det har i nokre tilfelle vist seg vanskeleg for utanlandske arbeidarar å kome gjennom grensekontrollen på grunn av manglande kunnskap av personalet på grensa om kva grøntproduksjon er og inneber.

Utanlandsk personell kan gjevast unntak frå innreiserestriksjonar dersom det er naudsynt for næringa å få slik arbeidskraft inn i landet fordi det er «strengt nødvendig for å kunne oppretthalde forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar eller ivareta befolkninga sitt grunnleggande behov», jfr. Midlertidig lov om innreiserestriksjoner for utlendinger av hensyn til folkehelsen § 2 første ledd punkt c).

Arbeid innan grøntsektoren er definera som samfunnskritisk og er omtala under sikkerheit for forsyningar. Grøntsektoren inkluderer produksjonar som grønsaker, potet, frukt, bær og veksthusproduksjonar, sjå Justis- og beredskapsdepartementets Liste over kritiske samfunnsfunksjoner - regjeringen, oppdatert 16.02.2021.

Det kan vere ei hjelp til å få dei utanlandske arbeidarane gjennom grensekontrollen, om arbeidsgjevar sender med ei stadfesting av kva slags type produksjon som arbeidarane skal jobbe med i Noreg. Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har saman med næringa og den kommunale landbruksforvaltninga, jobba fram eit formular som kan nyttast til ei slik stadfesting. I utgangspunktet er det den kommunale landbruksforvaltninga som skriv ei slik stadfesting på eige brevmal.

Forslag til tekst er slik:

Vi bekrefter at XX sin produksjon er innenfor definisjonen av samfunnskritisk funksjon og har behov for NN for å kunne opprettholde og ha kontinuitet i den nødvendige produksjonen. Arbeidsgiver har beskrevet type arbeid i skjemaet Dokumentasjon fra arbeids- eller oppdragsgiver, unntak fra innreiserestriksjoner for utenlandsk personell i kritisk samfunnsfunksjon

Sted, dato, underskrift xxxx kommune

 

Vi håper at dette kan vere til hjelp for å få inn naudsynt arbeidskraft til grøntnæringa i ei kritisk fase.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.