Produksjonstilskot – «alt skal vere skriftleg»
Kommunane si handsaming av tilskot skal vere føreseieleg og rettmessig, og ho skal kunne etterprøvast. Det inneber at det skal vere tydeleg for søkjarane og allmenta kva som ligg til grunn for kommunen sitt vedtak og kva for vurderingar kommunen har gjort. Vidare må kommunen kunne dokumentere kva for informasjon som er innhenta og kva for vurderingar som ligg til grunn for vedtaket.
Riksrevisjonen gjennomførte i 2019 ei undersøking av sakshandsaming og kontroll av produksjonstilskot og avløysertilskot i jordbruket på alle nivå i forvaltninga. Dei fann blant anna at det er vanskeleg å etterprøve kvaliteten i sakshandsaminga fordi vurderingane og grunngjevingane som ligg bak vedtaka i mange tilfeller ikkje er dokumentert. Etter dette har Landbruksdirektoratet tatt inn ei rekke krav til skriftlegheit i regelverket og samstundes gjort endringar i fagsystemet som tvingar sakshandsamar til å gi skriftlege vurderingar.
Fylkesmannen har laga eit dokument om krava til skriftleg dokumentasjon i produksjonstilskot. Dokumentet ligg til høgre på denne sida.