Produksjonstilskot 2021 – viktige datoar
Dei fleste kommunane er godt i gang med saksbehandlinga, men nokon har enno ikkje starta. Frist for saksbehandlar til å setja søknad til førebels godkjent/avvist/avslått er 23. desember.
Publisert 02.12.2021
Fristane for årets søknadsomgang er:
Dato | Aktivitet |
23. desember | Frist for saksbehandlar til å setja søknad til førebels godkjent/avvist/avslått. |
19. januar | Frist for saksbehandlar til å setja søknad med etterregistrerte opplysningar til førebels godkjent/ avvist/avslått for søknader som skal vera med i hovudutbetalinga. |
19. januar | Endelige satsar er fastsette av Landbruks- og matdepartementet. |
6. februar | Frist for å endeleg godkjenna søknader (fatta vedtak). Søknader som ikkje er endeleg godkjente i løpet av 6. februar vil ikkje bli med i hovudutbetalinga. Sjå tidlegere nyheitssak om kven som kan endeleg godkjenne søknadene i kommunen. |
16. februar | Hovedutbetaling. |
Les meir om fristar og saksbehandling hos Landbruksdirektoratet.
Kontaktpersonar
-
Mona Skjæggestad
Tlf: 33 37 23 12 -
Mona Olsrød
Tlf: 33 37 23 64