PT dispenserar frå kravet om mjølkekvote

Overproduksjonsavgifta for kumjølk er sett til kr 0 for 2024. Føretak som driv vanleg kumjølkproduksjon kan få produksjonstilskot, uavhengig av om dei har kvote eller ikkje.

Publisert 16.10.2024

For å møta etterspurnaden etter meieriprodukt i marknaden sette Landbruks- og matdepartementet (LMD) i slutten av mai overproduksjonsavgifta for kumjølk til kr 0 for 2024. I kjølvatnet av dette har det oppstått spørsmål om det betyr at føretak kan levera mjølk utan å disponera mjølkekvote. Kvoteregelverket er i dag ikkje til hinder for dette. I produksjonstilskotsregelverket er det likevel stilt krav om at føretaket har mjølkekvote.

LMD har i dag gjort det klart at når overproduksjonsavgifta først er sett til kr 0, vurderer LMD at alle føretak som driv vanleg mjølkeproduksjon bør få produksjonstilskot, uavhengig av om dei har kvote eller ikkje.

I brevet kjem det fram at LMD difor for 2024 gir ein generell dispensasjon frå krava om kvote i produksjonstilskotsforskrifta § 3 andre ledd bokstav a. Avtalepartane har også justert definisjonen av mjølkeku i jordbruksavtalen, slik at det kjem fram at kravet om at føretaket må ha disponibel kvote eller lokalforedlingskvote ikkje gjeld for kvoteåret 2024.

Det vil framleis vera eit vilkår at andre krav i tilskotsregelverket er oppfylt, under dette kravet om å disponera kyr i mjølkeproduksjon på teljedato.

Søkjerettleiing og rundskriv har vorte oppdaterte med den nye informasjonen. Sakshandsamar kan overstyra stoppmeldingar om manglande mjølkekvote i desse tilfella.  Sakshandsamar bør då samtidig sjekka i Leveransedatabasen at føretaket har hatt mjølkeleveransar seinast 1. oktober 2024.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.