RMP - Nyheiter og nyttige tips før søknadsomgangen 2024

Landbruksdirektoratet har oppmoda oss til å vidareformidla følgjande til dykk:

Publisert 06.09.2024

Det nærmar seg opning av søknadsomgangen for regionalt miljøtilskot i jordbruket (RMP) 2024. Under finn de ei oppsummering med nyheiter og nyttige tips knytt til fagsystemet og kartet.

Forvaltning

Rundskriv for regionalt miljøtilskot i jordbruket (RMP) – forvaltningsansvar og saksbehandling er oppdatert i forkant av søknadsomgangen. Rundskrivet er harmonisert med PT-rundskrivet, som var oppdatert i 2023/2024. Vi oppmodar om å gjere dykk kjent med rundskrivet, då det er gjort fleire endringar i teksten og nokre kapittel har endra rekkefølge. Det er viktig for oss å presisere at innhaldet i oppgåvene for statsforvaltar og kommunane er dei same som før.

Instruks for regionale miljøtilskudd 2023-2027 er også oppdatert. De finn begge dokumenta her https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/forvaltning/alle-veivisere-for-jordbruk/regionalt-miljotilskudd-i-jordbruket-rmp.

Jordbruksoppgjeret 2024

I jordbruksoppgjeret 2024 vart partane einige om at det er behov for ei evaluering av RMP. Det skal gjerast ei ekstern evaluering, og arbeidet skal vere ferdig i desember 2025. Det var også einigheit om å forlenge eksisterande programperiode til og med 2027, som følgje av evalueringa av RMP. 

Klimarådgjevingstiltaket skal etter kvart ut av RMP-ordninga. Viser til eige brev sendt til SF om dette 19. august.

Det er ikkje lagt inn nye tiltak i RMP for 2024. Nytt tiltak for viper (hotspot-areal) vil innførast først frå søknadsomgangen 2025. Det vil truleg bli behov for innspel frå statsforvaltarane om utforming av tiltaket. Vi tek kontakt.

Fylkessplittinga i eStil-RMP

Vi har jobba mykje med tilpassingar i fagsystemet etter oppsplitting av fylker, noko som inneberer nye fylkes- og kommunenummer for dei fylka det gjeld. Samstundes har vi lagt til rette for at det framleis er statsforvaltarembeta som får tildelt midlane i RMP.

Når søkjarane skal opprette søknad i 2024 og skal velje fylke, visast embeta som fylker. For eksempel blir statsforvalterembetet Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus vist Akershus, Buskerud, Oslo og Østfold, som separate fylke.

Ramma i RMP er framleis tildelt embeta, og sidan dei regionale miljøprogramma er fastsett av embeta, er det framleis slik at søkjar leverer éin søknad per embete, til dømes dersom søkjar driftar areal i både Vestfold og Telemark. Om ein har valgt t.d. Vestfold fylke i nedtrekkslista når ein oppretta søknaden, kan ein framleis velje eigedomar i begge fylka når ein skal legge til eigedom i kartet i eStil-RMP.

Nye funksjonar i kartet

RMP-kartet har fått ei diskret oppdatering på layout og fått nokre nye funksjonar som vi håpar kan vere til nytte. Vi har fått på plass ei «klikk i kartet og få opp informasjon om kartregistrering»-funksjon. Til dømes kan ein hake av for kartlaget Naturtyper – slåttemark og så kan ein trykke på registreringar som dukkar opp i kartet og få informasjon om til dømes lokalitetsverdi:

Her er døme med info frå Tilskuddskart – Ingen jordarbeiding om høsten:

Vi har også fått på plass ei summering av mengde, altså dekar/meter/stk i ein søknad (summerer for alle eigedomar i ein søknad). Hold peikar over mengde for eit tiltak og ein får opp total av det som er teikna inn for det tiltaket i denne søknaden.

Tiltaket Ingen jordarbeiding om hausten - Areal som ikkje er erosjonsrisikoklassifisert

For dei kommunane det gjeld: det er ikkje alle areal som er erosjonsrisikoklassifisert. Dersom det er behov for å teikne inn avrenningstiltak i områder som ikkje er erosjonsrisikoklassifisert, så må søkjar/sakshandsamar bruke «Tegn i kart» i staden for «Velg område» ved innteikning av tiltaket. Dette er fordi «Velg område» er ein type overlay, som i dette tilfellet er knytt til erosjonsrisikokarta. Dersom arealet ikkje er erosjonsrisikoklassifisert og ein vel tiltaket Ingen jordarbeiding om høsten og brukar «Velg område», vil ein få opp ei melding om at «Det finnes ingen lovlige områder på eiendommen for «Avrenning til vann – ingen jordarbeiding om høsten»»,. Ved å velje «Tegn i kart» vil fulldyrka og overflatedyrka areal visast i kartet som lovleg areal ein kan teikne på. I eStil-skjemaet vil desse areala hamne i kategorien «ikkje klassifisert». Sjå døme under.

Sei du har denne eigedomen her:

Og vil legge inn tiltaket Ingen jordarbeiding om høsten. Når du vel tiltaket i nedtrekkslista og trykker på «Velg område» får du opp dette lovlege området:

Søkjar vi stusse over kvifor hen ikkje får markert heile området, og det er fordi berre delar av arealet er erosjonsrisikoklassifisert:

Ved å bruke «Tegn i kart» vil søkjar få opp heile det fulldyrka arealet som lovleg område. Dei delane av arealet som ikkje er klassifisert, blir overført til eStil-skjemaet som «ikkje klassifisert», medan resten hamnar i tilskotsklasse «Erosjonsrisikoklasse 3».

 

Denne informasjonen vert også lagt inn i brukarrettleiinga «Veileder steg for steg RMP 2024», som er retta mot søkjar.

Søknadsfrist og hjelp

Kommunane bør oppmode søkjarane om å starte på søknaden i god tid før fristen.

Vi minner om at søkjar skal ta kontakt med kommunen dersom dei har spørsmål om søknadar, plikter og rettigheiter. Kommunen skal vidare kontakte statsforvaltaren dersom kommunen har behov for hjelp. Statsforvaltaren tek kontakt med Landbruksdirektoratet via Miljøorakelet dersom det er behov for fagleg bistand. Meldingar om feil kan de melde til Miljøorakelet. Det pleier å komme mange e-postar og telefonar til oss i løpet av søknadsperioden. Vi ser helst at vi får spørsmåla på e-post og vi svarar fortløpande opp desse.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.