Strukturdifferensiering og tak på tilskot over jordbruksavtalen

Arbeidsgruppa har no lagt fram rapporten.

Publisert 08.03.2023

Ifølje rapporten skal strukturdifferensiering av tilskot bidra til ein variert bruksstruktur. Det er ingen eintydig samanheng mellom variert bruksstruktur og andre landbrukspolitiske mål.

Rapporten seier vidare at strukturdifferensierande tiltak vil føre til lågare produktivitetsvekst, høgare kostnadar og svakare lønsemd i jordbruket. Auka kostnadar for næringa og forvaltninga vil måtte avvegast mot moglegheten for finansiering (frå marknadsinntekter og/eller statsbudsjettet) og ev auka måloppnåing.

Arbeidsgruppa har bestått av representantar frå partane i jordbruksoppgjeret. Rapporten vil danne grunnlag for drøftingar i vårens jordbruksforhandlingar.

Rapporten "Vurdering av strukturdifferansiering og tak på tilskudd over jordbruksavstalen" finn du hos Regjeringa.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.