Utvida frist for godkjenning av sjukdomsavløysing i Agros
Informasjon om godkjenning av vedtak om tilskot til sjukdomsavløysing mv.,: Ny frist er sundag 20. desember.
Sidan ramma for tilskot til sjukdomsavløysing mv. gjekk tom tidlegare i veka, gjekk kommunane glipp av ein arbeidsdag der dei kunne ha godkjent vedtak på tilskotsordninga. Då ramma vart auka vert fristen for å godkjenne vedtak om tilskot til sjukdomsavløysing forlenga. Informasjonen ein får opp i Agros om at siste frist for godkjenning/utbetaling av tilskot er 13. desember kl. 23.59, gjeld såleis ikkje for tilskot til sjukdomsavløysing mv.
Teoretisk vil det vera mogleg å godkjenna vedtak fram til sundag 20. desember kl. 23.59. Det er likevel ikkje mogleg å skaffa fleire pengar enn det som er igjen på ramma per no (3,8 millionar).
Dette betyr at viss det blir godkjent så mange vedtak at ramma på nytt går tom, før den 20. desember, så vil ikkje kommunane kunna godkjenna fleire vedtak før Agros opnar igjen over nyttår. Dersom tempoet i godkjenningsarbeidet tar seg opp til same nivå som vi hadde i slutten av veke 50 og i byrjinga av veke 51, vil dette skje.
Kommunar som er kjente med at det er veldig viktig for ein søkar å få utbetalt tilskotet i 2020, bør difor ikkje vente fleire dagar med å godkjenna vedtak i desse sakene.
Kontaktpersonar
-
Anne Aasdalen
Tlf: 35 58 62 72