ØKS - Virkesdata/forsending 2019-12

Virkesdata/ forsending 2019-12 er no klar for kontroll, eventuelle opprettingar og godkjenning.

Nedanfor følgjer også frist for ekstra innbetaling av skogfond for 2019.

Publisert 10.12.2019

Kommunane skal kontrollere at beløpa er korrekte, og i samsvar med §§ 5-10 i Forskrift om skogfond o.a. nr. 881.

Innkomne beløp på skogfondskonto for eigedomar under 10 daa  (stort sett s-konto 9899), skal utbetalast med ein gong, jfr. § 13 i Forskrift om skogfond o.a.

Avvik som kommunen sjølv ikkje kan korrigere i ØKS, skal meldast tilbake til Fylkesmannen snarast mogeleg. 

Kommunane må godkjenne denne ekspederinga innan 19. desember 2019.

Om ekstra innbetaling for 2019:

Frist for å registrere ekstra innbetaling av skogfond er 6. februar det følgjande året.

Dersom skogeigar ønskjer at den ekstra innbetalinga skal bokførast på same rekneskapsår som avverkinga er gjort, må den registrerast elektronisk seinast 5. januar (hugs at Landbruksdirektoratets systemar er utilgjengelege mellom 31. desember - 5. januar!).

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar