Skogfondsoppgåver som må utførast før årsoppgjeret

Vedlagt følgjer ei oversikt over oppgåver som må utførast i ØKS:

Publisert 10.11.2021, Sist endra 25.11.2021

 

1. Siste frist for føring av saker med tilskot

  • Fredag 3. desember er siste frist for å godkjenna tilskot i ØKS.
  • Det er berre dei kommunane som har tilgjengelege tilskotsmiddel som kan føra saker med tilskot.

2. Godkjenn VSOP/forsendelse

  • VSOP er klar i ØKS 9. desember og må godkjennast innan måndag 20. desember (aller helst før!)

3. Kontovedlikehald

  • Kommunane må gå gjennom skogfondskontoane og oppdatere dei i forhold til eigarskifte, dødsfall m.m.
  • Det er ikkje lov å ha ein annan eigar i ØKS enn den som er tinglyste eigar på eigedommen. Sjekk matrikkelen.
  • Sjå ØKS --> Vedlikehald --> Skogfondskonto og søk på kategori Alle.

4. Utbetal frå skogfondskonto for skogar under 10 dekar

  • Saldo skal vere null ved overgang til nytt år (med mindre det kjem inn midlar så seint at dette ikkje er mogeleg).
  • For å få oversikt, gå til ØKS --> Vedlikehald --> Finn konto --> søk på kontonummer 9899 (eller det kontonummeret dei bruker).
  • Bruk "kode 700 Tilbakebetalt"

5. Utbetal tilskot i saldo

  • Tilskot i saldo skal utbetalast før årsskiftet.
  • For å sjå kven som kan ha tilskot i saldo går de inn i ØKS --> Rapporter --> Regnskap --> 54. Tilskot i saldo.
  • Ved utbetaling skal ein bruke same kode som blei brukt ved innbetaling

6. Gjennomgå tiltak med kostnad utanfor rimeleghetsverdiane

  • ØKS-rapport nr. 1 under Regnskapsanalyse blir brukt.
  • Postar med feil skal rettast opp, ta kontakt med Statsforvalteren.
7. Skogfond --> Innboks --> Alle under behandling i ØKS:
  • Gå igjennom alle registrerte krav, slett dei som ikkje skal utbetalast.
  • Denne lista bør vera tom ved overgang til nytt år.
8. Siste frist for utbetaling av skogfond i ØKS
  • Måndag 20. desember er siste dag for utbetaling av skogfond (utan tilskot)

 

Endring i Landbruksregisteret er det Miriam Himberg som ordnar.

Er det noko de lurer på så ta kontakt med  Inger Sofie eller Miriam. Bruk gjerne e-postadressa fmvtskogfond@statsforvalteren.no som begge to har tilgang til.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar