Søknadsfrist - ekstraordinært plantetilskot og tilskot til tettare planting

Søknadsfristen for skogeigar er 1. september 2021 for begge ordningane. Fristen for kommunane til å behandla søknadene er onsdag 8. september kl.23:59.

Publisert 19.08.2021
  • Søknader som kjem inn digitalt frå skogeigar etter 1. september eller som på papir er daterte etter denne datoen, skal ikkje givast ekstraordinært tilskot til planting (XP, Tilskotskode 9xx). Det med bakgrunn i at ordninga gjeld fram til 1. september, jf den mellombelse forskriftas § 4 første ledd.

 

  • Søknader som berettiger tilskot til tettare planting (TTP, nyplanting og suppleringsplanting) som kjem inn digitalt etter 1. september eller som på papir er daterte etter denne datoen, skal i utgangspunktet vera med til neste søknadsomgang i november.

Kommunane må godkjenne søknadene i ØKS innen onsdag 8. september kl.23:59.

Søknader for planting utført i 2020, som ikkje er godskrive for TTP-tilskudd (nyplanting og supplering), blir godskrivne med satsane for 2021

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar