Etterregistrering i produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket

10. januar er frist for å etterregistrere opplysningar i produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket.

Publisert 09.01.2025

Opplysningane som kan etterregistrerast er:

  1. Avløysarutgifter som føretaket har hatt etter 15. oktober. 
  2. Sal av tilskotsrettmessige livdyr etter 15. oktober 
  3. Dyr som er sanka frå utmarksbeite etter 15. oktober. 
  4. Frukt, bær, veksthusgrønsaker og salat på friland som er omset etter 15. oktober. 
  5. Rugeegg som er levert til rugeri etter 15. oktober

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.