Vil du ha besøk av Matgledekorpset?

I 2021 held arbeidet fram med Matgledekorps i Vestfold og Telemark. Førre veke vart det gjort opptak til eit webinar i lokalet til ‘Spiller ingen kasserolle' i Porsgrunn. Webinaret vil vera tilgjengeleg for kommunane sine eldreinstitusjonar og viser kva Matgledekorpset kan bidra med.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Fotograf: Bob Gottschal
Matgledeskorps handlar om å bidra til betring av mat- og måltidsglede for bebuarar på aldersinstitusjonar og for eldre som bur heime. Erfaringar frå foregangsfylket Innlandet viser at ein sjukeheim eller ein institusjon med enkle middel og nokre endringar i rutinar kan forbetra matkvardagen for eldre betrakteleg. Målet er auka matglede.
Innehavar av ‘Spiller ingen kasserolle' Anders Johan Pedersen vart gjerne med i dette Matgledekorpset. ‘Gjesten og matopplevingar står høgast i kurs hos meg. Eldre som har bana veg for generasjonen vår, fortener verkeleg å få verdige måltid når dei skal bli tatt vare på dei eldre dagane sine', seier Anders.

Fotograf: Bob Gottschal
For mange eldre er måltida dagens høgdepunkt. Matgledeskorpset rettar seg mot matfagarbeidarar, dei som har pleie oppgåver i institusjonar og i heimeteneste, og for dei som inspirerer kommuneadministrasjonen til å sjå samanhengar mellom innkjøp av mat, kosthald, helse og matglede.
Når webinaret er klar, vil Fylkesmannen i Vestfold og Telemark senda ut invitasjonar for å delta. Varigheit vil vera på ca. ein halv time. Filmselskapet ‘Cynergi Film & TV' har stått for regien, opptak og redigering av lyd og bilde.
Alle som arbeider med å kjøpa inn, laga og servera mat til eldre vil ha nytte og gleda av Matgledekorpset. La deg inspirera!
Kontaktinformasjon: Lisbeth Haugan
Fotograf begge bilder: Bob Gottschal