Endra forskrift gjer det mogleg å forlenge opphaldstida til utanlandske sesongarbeidarar som er i landet og arbeider i landbruket
Arbeids- og sosialdepartementet (ASD) vedtok 24. mars 2020 ei midlertidig bestemming (ny § 6-3a) i forskrift 15. oktober 2009 nr. 1286 om utlendingars tilgang til riket og deira opphald her (utlendingsforskrifta).
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Arbeids- og sosialdepartementet (ASD) vedtok 24. mars 2020 ei midlertidig bestemming (ny § 6-3a) i forskrift 15. oktober 2009 nr. 1286 om utlendingars tilgang til riket og deira opphald her (utlendingsforskrifta).
Endringane i utlendingsforskrifta opnar no i ei tilmålt periode, å gje fornya opphaldstillating til sesongarbeidarar som allereie er i Noreg, sjølv om den samla opphaldstida vil vere meir enn seks månader. Dei generelle vilkåra for opphaldstillating til arbeidstakarar i utlendingslova inneber at søkjaren må ha eit konkret tilbod om heiltidsarbeid med norske løns- og arbeidsvilkår.
Målet er at denne endringa i forskrifta, i nokon grad kan avbøte vanskar vi no ser med å skaffe kompetent arbeidskraft til landbruket i ei avgjerande periode for særleg grønt- og bærprodusentar.
Se lenka under for meir informasjon: