Opnar for innreise for sesongarbeidarar i landbruket
Så langt under korona-nedstenginga har det berre vore arbeidsfolk frå EØS-land som har hatt løyve til å reise til Noreg for å jobbe som sesongarbeidarar i landbruket. Men no utvidast dette høvet også til såkalla «tredjeland». For mange av desse landa krevjast det også visum for å komme inn i Noreg.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Årleg kjem ca. 3 000 sesongarbeidstakarar til norsk landbruk frå tredjeland, ein stor del frå Ukraina, Vietnam og Filippinene. Mange av desse er nøkkelpersonell i drifta der dei jobbar og med ein kompetanse som er vanskeleg å erstatte. Opninga for innreise er viktig for å sikre produksjon og leveransar i grøntsektoren. Parallelt har det også vore jobba for å kunne bruke norsk arbeidskraft.
Sjølv om det opnast for at sesongarbeidarar i landbruket no kan reise inn i Noreg, vil det kunne være praktiske utfordringar knyt til gjennomføringa av dette, for eksempel er dei fleste av Noregs visum-søknadssentre i utlandet inntil vidare stengt, og det er avgrensa flytrafikk. Alle sesongarbeidarar frå andre land må i karantene når dei kjem til Noreg. Det er snart på plass ein rettleiiar for dette. For meir informasjon, sjå her.