Løyve for Statnett SF til mudring og utfylling

Statnett SF har fått løyve til å mudre og fylle ut for å etablere kai ved Borgestad næringsområde i Skien kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.01.2021

Statsforvaltaren har behandla Statnett SF sin søknad om løyve til verksemd etter forureiningslova. Statnett SF søkte om løyve til å mudre 1 000 m2 med eit masseuttak på 500 m3, samt å etablere ei stabiliserande utfylling med eit areal på 150 m2 ved Borgestad næringspark, gbnr. 74/211 i Skien kommune. Statsforvaltaren har vedtatt å gi Statnett SF løyve på visse vilkår.

Vedtaket kan klagast på av parter i saka og andre med rettsleg klageinteresse.

 

Eventuelle klager må ein grunngi og sende innan 11. februar 2021 til:

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg 
eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.