Høyring om forslag til forskrift om jakt- og fangsttider

Ærfugl hann.
Ærfugl hann. Foto: Per Espen Fjeld, Statens naturoppsyn.

Utanom høyring av forslag til forskrift om jakt- og fangsttider, sender og Miljødirektoratet ut høyring på sanking av egg og dun for jaktsesongane frå og med 1. april 2022 til og med 31. mars 2028.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.05.2021

Miljødirektoratet foreslår og å oppheva eller avgrensa jakta på fleire artar grunna nedgang i bestanden. Dette er storskarv, svartand, ærfugl, heilo, gråtrost og rødvingetrost. Nedgangen i bestanden for ærfugl er òg bakgrunnen for forslaget om å oppheva moglegheita til å sanka egg frå denne arten.

 

Du kan seia din meining direkte frå nettsida til Miljødirektoratet. Her ligg og meir informasjon om saka.

Frist for å gje fråsegn er 15. oktober 2021.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.