Erstatning for tap av husdyr til freda rovvilt

Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

Frist for å søke om erstatning for tap av husdyr til freda rovvilt er 3. november 2024.

Publisert 11.10.2024

Alle søknader om erstatning skal sendast inn via elektronisk søknadssenter.

Miljødirektoratet sitt søknadssenter opna 10. oktober for innlegging av søknader for beitesesongen i 2024.

Vi beklagar men frå fredag 25. oktober kl. 16:00 til 27. oktober vil Elektronisks søknadsenter vera utilgjengeleg grunna vedlikehaldsarbeid. Dette medfører at det ikkje vil vera mogleg å senda inn søknader desse datoane. På bakgrunn av dette vil det derfor vera mogleg å senda inn søknad om sauerstatning til og med 3. november.


Dersom du ikkje har bruka det elektroniske søknadssenteret tidlegare, må du først registrera deg som søkar. Vegvisar ligg på sida til søknadssenteret.

Det elektroniske søknadsskjemaet er enkelt å fylle ut. Kort tid etter at søknaden er lagra, ligg den hos Statsforvaltaren. Svar på søknaden får du i digipost eller på e-post.

Erstatningsordninga for tap til rovvilt blir forvalta av Miljødirektoratet og blir behandla hos Miljøavdelinga hos Statsforvaltaren.

Har du spørsmål til utfylling av søknaden, kan du ta kontakt med Statsforvaltaren. Dersom du seinare ønsker å endre opplysingar gjeve i ein søknad du har sendt elektronisk, må dette skje skriftleg via postmottaket til Statsforvaltaren: sfvtpost@statsforvalteren.no

Spørsmål om søknadssenteret kan rettas til Miljødirektoratet på e-post esshjelp@miljodir.no eller telefon 951 23 500 (man - fre kl. 10.00 - 14.00).

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontakt oss

Fagsjef Natur:
Arne Christian Geving
Telefon 33 37 23 51 / 90 04 39 15

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding